søndag 23. januar 2011

Nytt stoltrekk!!!

.... og hell i uhell ;-)


Har lenge hatt bilde av stolen Ekeskog med nytt trekk fra Bemz (som syr trekk til IKEAmøblar på bestilling) i ønskelista mi....
Sjekka tilsendte fargeprøvar og logga inn for å bestille... kom opp ei advarsel om å måle stolen for å sjekke at eg faktisk hadde denne modellen... for den var vistnok veldig lik 'Barkaby'. Men nei da! Eg var jo sikker på at eg hadde 'Ekeskog'!!!

NOT!
Trekket kom og var alt for STORT! Er det mulig?!?!

Men; som dei fleste historiar i livet mitt endte også denne godt.
For hør her:
Fargen var heller ikkje som eg hadde forventa, den var alt for gul... eg hadde jo kun sett ein liten lapp.
Bilde lånt fra Bemz... og her ser jo fargen (Ash brown) strålande ut!... på min skjerm i alle fall ;)

Eg tenkte at ja ja, sida størrelsen er feil så MÅ eg jo bestille nytt... og kan bytte farge ( JIPPI! :D). Sendte også for sikkerhets skyld mail til Bemz i håp om å få lov å sende tilbake og få ein liten refusjon (hadde ikkje så store forhåpningar da...). Og kva er svaret?!?! Jo dei refunderer alt bortsett fra frakt!!!!
Og det når det heilt og holdent er MIN feil!!!!

Eg bukkar og takkar og håpar mange leser dette innlegget slik at budskapet om super service sprer seg ut i verden! :) ... hi hi nei eg har jo ikkje så mange leserar men dog ;)

Fargen eg endte med er: 'A paler shade of grey' Og prisen er ca 1250,- pr stk. Dei er nyyydelige!

Litt vanskelig å sjå fargen kanskje men den er lys lys grå.

Trur jammen eg overlater stua til ungane heretter og inntar kosestolane i biblioteket sjølv ;)

:o)