lørdag 30. april 2011

Oppdatering!

... for det er sannelig på tide!

Her skjer lite om dagen... ja det er no berre sånn det ein gong er. Dagane er opptatt med familie, jobb, familie, venner, familie... og litt hageplanlegging :) Men eg er liksom ikkje heilt klar for å legge ned bloggen heller... så de får bære over med oppdatering i hytt og pine :)

Føles ut som det er ein stilendring på gang også... kanskje til hausten?
Enn så lenge følger eg gamle stier og har vert på kremmerhuset og henta meg nye fine krukker til å ha vaskepulver i. Vaskerommet er - som så mange andre ting her i huset - eit halvferdig prosjekt og blir ikkje blogga om på eit par år ;)


Kanskje kjem det oppdateringar framover fra hagen... ja om det ikkje blir nok eit halvferdig prosjekt da ;)
Uff... kanskje eg skulle leige nokon til å fulføre det eg startar på? Hm.. ja det var ein tanke å tygge litt meir på!


Til så lenge ønsker eg  dykk alle ei riktig god helg, og så sees vi plutselig igjen ;)

:o)