... nye oppussingsplaner :D
Først har eg ei liste over ting som skal gjerast ferdig... Av ein eller anna grunn står det alltid igjen noko når eg pussar opp... nokon som kjenner seg igjen der ute?
Hm, ja tenkte eg det ikkje, der var det mange som krympa selg litt ja ;-)
Lista mi er i alle fall blitt ganske lang etter kvart:
* Male dørkarmen til ytterdøra - nye lister har ført til at gammel bonderød maling er synlig!
* Få satt inn vask på toalett2 - temmelig upraktisk med vask i naborommet!
* Skru opp lamper og ovn på toalett2 - også upraktisk!
(Og om nokon no prøver seg på å påstå at eg ikkje har eit ordentlig toalett, heller eit mørkt, kaldt kott med klosettskål... ja så er dei temmelig nerma sannheten ;D)
* Male døra på toalett1 (den er furu!!! *grøss*)
* Male karmen på den nye (gamle... og veldig fiiiine) gangdøra.
* Få opp hyller i gangen... nokon som veit ein plass eg kan få tak i fine hylleknektar -sinkfarget ?!?
* ...
... lista er neste ueeeendelig.
Men litt er da gjort:


Vart aldri heilt venn med det svarte gelenderet i trappegangen, så eg mala det grått som resten av trappa, og no er vi bestevenner ;-)
Med lyst gelender vart lampettane dog litt framtredande, men var så heldig å få stor herlig lysestake til jul som passa perfekt!

Det einaste som er dumt er at eg berre ser herligheten når eg passerar... burde kanskje vurdere å lage koseplass i trappa så eg kan sitte der og nyyyyte? ;-)


Ellers har eg i 2010 planar om å:
* Pusse opp eit soverom - der er det heldigvis berre maling som skal til..... og det beste av alt: Innredning!!!! :D
* Pusse opp toalett1 - det skal renoverast og alt skal ut. Phu!
* Pusse opp ein gang - her skal eg starte 'enkelt' med maling så få renovering komme med tida.
Blir altså ikkje kjedelig (les arbeidsledig) i år heller ;-)
Kva med dykk? Har de mange interiørplanar for det nye året? Eller er de av dei heldige som har ein bolig som er slik de ønsker? .... eller er det i grunnen mulig å komme heilt i mål?
Avsluttar i alle fall med å ønske alle eit riktig god nytt interiørår!
:o)