Ok, så er vi her igjen... er ALT interiør? Eg publiserte støvlane mine i tvil om DET var interiør... men TANNKREM?! ;-)
Vel folkens; ER tannkrem interiør?
Bakgrunen er jo dette nyyyydelige settet eg skaffa meg for mange år sida på Sørlandssenteret:

Hi hi -eg har i alle fall møtt min del med heva augebryn etter at eg kom heim med ei tannkremtube til 80 kr ;-) men er den ikkje FIIIIN?!?

EG meinar jo den var verdt kvar krone sjølvsagt :-D Skulle helst hatt den svarte og kvite da, ikkje den blå. Men dette var altså den einaste dei hadde på Chicas så da får eg ta til takke med den :-D
Og glaset må jo fyllast med noko, ikkje stå tomt.... Og visst passar vel tuba? Sklir rett inn i miljøet :-D Og det er jo dei små detaljane til slutt som avgjer kor vellykka det blir, eller?

Ein ting er i alle fall sikkert: kan jo ikkje sette bort glaset heller, det er jo så VAKKERT, og da blir den stakkars såpeskåla så ensom :-(

Er den ikkje søt? Berre ELSKAR englane og den nydelige perlekanten.
Men no når eg har fått litt fyll i koppen gjenstår eit viktig spørsmål: Kvar finn eg FINE tannkostar? Er det nokon der ute i Blogglandia som har svaret på dette tar eg i mot tips med STOR takk!
Ønsker alle ei fortsatt fantastisk veke!
:o)