lørdag 30. april 2011

Oppdatering!

... for det er sannelig på tide!

Her skjer lite om dagen... ja det er no berre sånn det ein gong er. Dagane er opptatt med familie, jobb, familie, venner, familie... og litt hageplanlegging :) Men eg er liksom ikkje heilt klar for å legge ned bloggen heller... så de får bære over med oppdatering i hytt og pine :)

Føles ut som det er ein stilendring på gang også... kanskje til hausten?
Enn så lenge følger eg gamle stier og har vert på kremmerhuset og henta meg nye fine krukker til å ha vaskepulver i. Vaskerommet er - som så mange andre ting her i huset - eit halvferdig prosjekt og blir ikkje blogga om på eit par år ;)


Kanskje kjem det oppdateringar framover fra hagen... ja om det ikkje blir nok eit halvferdig prosjekt da ;)
Uff... kanskje eg skulle leige nokon til å fulføre det eg startar på? Hm.. ja det var ein tanke å tygge litt meir på!


Til så lenge ønsker eg  dykk alle ei riktig god helg, og så sees vi plutselig igjen ;)

:o)

søndag 23. januar 2011

Nytt stoltrekk!!!

.... og hell i uhell ;-)


Har lenge hatt bilde av stolen Ekeskog med nytt trekk fra Bemz (som syr trekk til IKEAmøblar på bestilling) i ønskelista mi....
Sjekka tilsendte fargeprøvar og logga inn for å bestille... kom opp ei advarsel om å måle stolen for å sjekke at eg faktisk hadde denne modellen... for den var vistnok veldig lik 'Barkaby'. Men nei da! Eg var jo sikker på at eg hadde 'Ekeskog'!!!

NOT!
Trekket kom og var alt for STORT! Er det mulig?!?!

Men; som dei fleste historiar i livet mitt endte også denne godt.
For hør her:
Fargen var heller ikkje som eg hadde forventa, den var alt for gul... eg hadde jo kun sett ein liten lapp.
Bilde lånt fra Bemz... og her ser jo fargen (Ash brown) strålande ut!... på min skjerm i alle fall ;)

Eg tenkte at ja ja, sida størrelsen er feil så MÅ eg jo bestille nytt... og kan bytte farge ( JIPPI! :D). Sendte også for sikkerhets skyld mail til Bemz i håp om å få lov å sende tilbake og få ein liten refusjon (hadde ikkje så store forhåpningar da...). Og kva er svaret?!?! Jo dei refunderer alt bortsett fra frakt!!!!
Og det når det heilt og holdent er MIN feil!!!!

Eg bukkar og takkar og håpar mange leser dette innlegget slik at budskapet om super service sprer seg ut i verden! :) ... hi hi nei eg har jo ikkje så mange leserar men dog ;)

Fargen eg endte med er: 'A paler shade of grey' Og prisen er ca 1250,- pr stk. Dei er nyyydelige!

Litt vanskelig å sjå fargen kanskje men den er lys lys grå.

Trur jammen eg overlater stua til ungane heretter og inntar kosestolane i biblioteket sjølv ;)

:o)

søndag 28. november 2010

Herlig adventstid...

... ønskes alle!

Her har det vert litt mindre juleforberedelsar enn vanlig... men i dag er huset julepynta som vanlig og vi er klar for herlige desember :D


I fjor kjøpte eg ei bjelle i fattigmannssølv... men fann aldri ein passande plass til den.
I år har eg derimot gjort som mi kjære farmor gjorde: hang julepynt under lampa. Ok, kanskje ikkje det mest dekorative her, men ååå så kos - tenker på skjønne farmor kvar gong eg ser den... og er det ikkje det jula handlar om? Familie? :D
(Ja da, eg er også ein av dei som mistar fokus i denne tida da butikkane bugnar av fristelsar...  ;D)

Ønsker alle ei super førjulstid
-Med passelig dose shopping og masse hygge med familie og venner ;D

:o)

mandag 22. november 2010

Hagestatue!

Kanskje ikkje akkurat sesong for dette no? ;)

Uansett; Mitt murhus vil etter mi meining heilt klart kle ein romantisk men litt formell hage! Eg kan sjå det for meg: Stier som svinger seg rundt forbi, gamle koselige stauder blanda med stramme hekker... flotte urner, og ikkje minst: roser! I massevis!
... Og der hører jo så absolutt statuen til!
Har hatt lyst på ein lenge men andre ting kjem alltid over på prioriteringslista... og har eg funne ein som har vert rimelig har den sjølvsagt vert heil feil.
Men dette har mine koselige foreldre bestemt seg for å gjer noko med :D
(Ja eg veit.. eg er superbortskjemt! ;D)

Bildet er tatt i skumring, og inne, og er skikkelig dårlig... men eg kan ikkje vente til våren med å vise fram denne skjønnheten:

Den står på sokkel og er ganske høg... og tåler 35 kalde grader! Noko som betyr at den kan overleve vinteren også her :D
Drømmer om denne omgitt av Austinroser.... *sukk*... og tenk den ute på denne tida da! Omgitt av frosta roser! Åååå kan ikkje vinteren snart vere over så eg får anlagt rosehage ;)


Men først skal eg ha med meg jula da ;)

Ønsker alle ei frostfi veke uten snø!

:o)

lørdag 23. oktober 2010

Speilvegg...

... hi hi ordet 'speilvegg' gir meg flashbacks til 80-tallet ;-)
Men nei; dette er ikkje snakk om ein vegg full av speilfliser, men eit alternativ til ei dør.


Det eg ønsker meg her er nemlig ei dobbel glassdør mellom stua og biblioteket. Men slike dører er desverre ganske dyre, og så må eg ha ein til å skjere hål i muren for å få den inn også... så det er eit prosjekt som står rimelig langt ned på prioriteringslista. Men drømmer er gratis.... og speil er ikkje så aller verst rimelig det heller ;-)


No Skulle eg gjerne hatt speil som gikk heilt ned til golvet... desse gir meir inntrykk av vindu enn dør, men ein tar det ein får tak i innanfor budsjett ;-)


Litt nakent vart det også så eg kasta over eit sjal - som var veldig fint i butikken men aldri er blitt brukt... ;D - og ja da vart det jo enda meir vindu ;-)

Men eg er fornøyd :D Det einaste er kvaliteten på mine rimelige speil... dei er langt fra beine og det liknar mest av alt på tivolispeil! Slike som får deg til å sjå så rar ut... vel vel, ein dag skal drømmen om dører realiserast og speila skal ut ;-)

Ønsker alle ein strålande lørdag!
:o)

torsdag 14. oktober 2010

Skjønt skap!

No er stua .... (snart)... fylt slik som eg ønsker.


Det har lenge vert ein alt for tom vegg her, men no er den endelig passelig møblert.
Skapet er forøvrig brukt så eg er usikker på kven som har produsert det i sin tid.

Det vart litt tomt under, så eg henta tilbake dei to spisestuestolane som har vert på utlån til kjøkkenet... noko som betyr at eg må på jakt etter nye stolar der ;-) Så da blir det vel å henvende seg til vår gode venn Finn... igjen ;D (Gledar meg! ;D)


Skapet rommar ikkje mykje så det var -heldigvis- ikkje vanskelig å finne ting å fylle det med.


Må innrømme at det der med styling er noko eg sliter fryktelig med, har vurdert å benytte den sleipe metoden "utfordring" for å få hjelp til å pynte vinduspostane mine... kva i alle dagar skal ein putte i dei når det står ein varmeovn under som tørkar ut planter på 1-2-3? Det blir liksom så sterilt uten planter.... Jo men no sporar eg av her, var jo skapet i dag :D

Slik ser det altså ut i stua om dagen:



Neste gong skal eg vise kva eg har gjort med den andre tomme veggen min :D

:o)


 

lørdag 4. september 2010

Loppis

Endelig fekk eg med meg eit loppis! Og for ein fangst!

Kva seier de til House Doctor lysestake til 20 kr? :D

Fekk heilt sommerfuglar i magen da eg så den :D Hi hi

Men for å ta det fra starten:
Her er dagens fangst:

Ein stor koffert, ovalt fat og skål, herlig grøn dessertskål og dagens store stjerne: lysestake!
Turen kosta meg 162 kroner... og da var det 80 kroner til vaffel og brus ;-)

Lysestaken skal nok få flytte litt rundt, men foreløpig er da alt komme på plass:



Kofferten har fått plass under den eg har fra før - som rommar lilleKjerubens leikar i 1. etg :D

Den nye er herlig stor og rommar reservetrekket til soffaen :D ... Lukta var litt innestengt i kofferten, så eg slengte ein duftpose oppi også. Kanskje eg kan hente fram lavendelduftande trekk neste gong?

Kofferten har ikkje akkurat vert på nokon Ameriakareise da..... den er merka med Fagernes-Dokka ;-)

Håpar de alle har ei flott helg :D

:o)