torsdag 26. februar 2009

Lamper

Brukar ikkje skrive innlegg om det eg finn på andre nettsider, men dette MÅ eg berre dele med dykk:Lampe til toalettet mitt *Drømme*
Fann altså ein lampebutikk 'over there'. Akkurat det eg har leita etter!!!
Ikkje råd til å handle no, ikkje undersøkt om dei kan sende til Norge ein gong ;-) Hi hi Men om en VIL så får ein TIL :-D

Desse skulle eg hatt i gangane mine:


Å er dei ikkje flotte!!! Og så kan alle (eg har sett på i alle fall) bestillast med 'pull switch' ! Eg berre elskar sånn kjede-brytar!!! Mmmm........
De finn dei her: Schoolhouse electric
Treffande namn på den butikken ;-) Ta ein titt! Masse fint!
:o)

tirsdag 24. februar 2009

Interiør?

Ok, så er vi her igjen... er ALT interiør? Eg publiserte støvlane mine i tvil om DET var interiør... men TANNKREM?! ;-)

Vel folkens; ER tannkrem interiør?
Bakgrunen er jo dette nyyyydelige settet eg skaffa meg for mange år sida på Sørlandssenteret:


Hi hi -eg har i alle fall møtt min del med heva augebryn etter at eg kom heim med ei tannkremtube til 80 kr ;-) men er den ikkje FIIIIN?!?
EG meinar jo den var verdt kvar krone sjølvsagt :-D Skulle helst hatt den svarte og kvite da, ikkje den blå. Men dette var altså den einaste dei hadde på Chicas så da får eg ta til takke med den :-D
Og glaset må jo fyllast med noko, ikkje stå tomt.... Og visst passar vel tuba? Sklir rett inn i miljøet :-D Og det er jo dei små detaljane til slutt som avgjer kor vellykka det blir, eller?
Ein ting er i alle fall sikkert: kan jo ikkje sette bort glaset heller, det er jo så VAKKERT, og da blir den stakkars såpeskåla så ensom :-(
Er den ikkje søt? Berre ELSKAR englane og den nydelige perlekanten.
Men no når eg har fått litt fyll i koppen gjenstår eit viktig spørsmål: Kvar finn eg FINE tannkostar? Er det nokon der ute i Blogglandia som har svaret på dette tar eg i mot tips med STOR takk!

Ønsker alle ei fortsatt fantastisk veke!

:o)

fredag 20. februar 2009

Lysekrone - del3

Lova å vise bilder av den siste lysekrona når den var på plass på sitt (foreløpig) endelige stoppested: soverommet, og her er den altså:Ja ja eg veit, den hodegavlen er IKKJE pen.... Men er skikkelig usikker på kva eg skal ha i staden. Skal eg ha ein polstra? Men den blir jo sikkert fort skitten og uggen ... og skal eg kjøpe ein som minner om ei gammel seng? - men som eg IKKJE har råd til no som eg pussar opp, eller skal eg forsøke meg på å lage ein sjølv?... og orkar eg no det midt i all oppussing? ;-)

Men no var det altså lysekroner... igjen ;-) Lovar eg snart skal skrive om noko anna ;-) Her er litt detaljar:Om nokon lurer på kva det 'rare' over ikonet er, så er det eit krusifiks med fjorårets 'palmegrein' bak:Krusifikset hadde min snille mamma med seg heim fra cruise på Donau, er det ikkje fint?Og når eg først viser fram detaljar MÅ eg jo også vise den flotte Madonnaen min: Er den ikkje VAKKER?!? Den bestilte eg for leeeenge sida fra Danmark, men har sett i ein lokal interiørforretning at dei har ei som er mistenkelig lik der no ;-) Bønnekjedet som henger på har eg plukka med meg på ein eller anna ferie... mulig det var Kroatia?

Og så har eg fått ny Award!!! Den har eg fått av Kari med den flotte bloggen Victoras hus ,eg er så STOLT! Tusen takk kjære du! Og oppfordring til alle: Ta ein titt innom Victorias hus, her er MASSE inspirasjon og flotte bilder!

Ønsker alle ei flott fantastiskk helg!

:o)

søndag 15. februar 2009

Utfordring: Vis meg ditt tak!

Tak.... også ein del av interiøret. Og som Det gode liv påpeikar: noko vi ikkje så ofte bloggar om, og har derfor utfordra oss litt på dette.

Her er litt om mine tak:

Eg har eit murhus og i 1. etg er det opprinnelig mur over alt. Her er taket i biblioteket:

Hi hi, så fekk eg med lysekrona igjen;-)

På kjøkkenet var det lagt panel da eg flytta inn, og etter litt fram og tilbake valgte eg å behalde dette da eg fullrenoverte:
Er litt koselig med panel på eit landlig kjøkken :-D

I 2.etg derimot er det forferdelige plater med lister mellom som gir ei form for rutemønster... dette er skikkelig gyselig! Det skal bort og blir IKKJE vist her ;-)
Så da eg pussa opp badet i 2.etg ville eg gjerne gi inntrykk av at det var mur også her, og la gips i taket og sparkla overgang mellom vegg og tak for å gje riktig inntrykk. VELDIG fornøyd med dette:Planen er å ha mur (ev gips) i resten av huset, og ingen lister slik som de ser på badet. I stua skal eg ha lister eit stykke ned på veggen i staden :-D Trur det blir lekkert :-D Er så heldig å ha ein bitte liten tanke ekstra takhøgde så da kan eg nok 'senke' taket litt på denne måten. Men blir ei stund til det blir aktuelt da ;-)

Ikkje akkurat spennade tak her altså... stort sett glatte flater med unntak av kjøkkenet og gangen utanfor som har panel ;-)

Utfordringar skal jo sendast vidare, og eg har valgt ut desse:

Carpe Diem

Alle tiders interiør

Vitt hus med vita knutar

Og er det andres som føler dei har litt å dele på denne fronten er det sjølvsagt berre å hive seg på.

Blir spennande å sjå kva folk har også over 'kamerahøyde' :-)

:o)

lørdag 14. februar 2009

Ny lysekrone del 2

Så er vi komme til andre del av 'Lysekrone 5 finner sin plass'.... ;-)

Som eg nemte syntes eg den nye var litt spinkel over spisestua, og ja da... det VAR eit impulskjøp.... men den er jo så fiiiin ;-) Og eg har jo andre rom den kan henge i... trur eg;-) hi hi.
Slik hadde vi det altså FØR eg kjøpte ny:Glad og fornøyd hang eg opp den nye.....:Men dette var jo i spinklaste laget...eller?

Så: For å teste skikkelig tok eg ned den på biblioteket og prøvde med den også, den er jo tettare på eit vis:Eg meinar det vart i alle fall bedre.... men.....? Savna litt den gamle som ga stua ein anelse med kontrast.... det ER jo mykje kvitt og lyst der inne ;-)

Konklusjonen vart i alle fall: Den nye passar dårlegast ;-) Hi hi Endte da opp med å henge den eg hadde tilbake (første bildet), men lysekrone 5 HAR funne sin plass: på Biblioteket:Ja eg TRUR i alle fall den har funne sin plass ;-) Hi hi Vi får sjå... får la dei henge litt og sjå om det føles riktg :-D

Men fremdeles står eg da altså med ei lysekrone uten permanent opphaldstillatelse (bilde3).... men den er eg SIKKER på vil passe på soverommet :-D Bilder kommer ;-)

Håpar de alle får ein flott Valentinsdag!
:o)

onsdag 11. februar 2009

Ny lysekrone

Så er altså nok ei lysekrone på plass:
Og visst er den FIN!.... men..... litt i spinklaste laget over spisebordet kanskje?
Den har jo flotte detaljar:
Elskar dei medaljongforma prismene:Men er dette rette lysekrona for spisebordet?!? Sjølv synest eg den burde vert litt større... eller? Meir prismer kanskje?

Hm, det er uten tvil den finaste lysekrona eg har, men den henger kanskje ikkje på riktig plass? Kunne hatt den på kjøkkenet, men DET orkar eg altså ikkje; Vaske feite prismer? Nei takk! ;-)

Soverommet kanskje? DER ville den jo bli fin :-D LilleKjeruben derimot meinar at den finaste lysekrona bør henge ein plass der alle kan sjå den heile tida, og da kan eg ikkje gjømme den vekk på SOVEROMMET! ;-)

Hi hi dette luktar det føljetong av ;-) Følg med i neste episode av ' Da lysekrone 5 skulle finne sin plass'!

:o)

søndag 8. februar 2009

Nymalt kommode

Er den ikkje flott?!!?:
Denne har eg altså FÅTT! :-O
Takk snille snille M!
Eit par strøk med maling var alt som skulle til :-D Hadde tenkt å ha den i gangen -som aldri blir ferdig- men den er så fin der inne på biblioteket at inntil eg får fleire hyller trur eg jammen den skal få stå der :-D
Vurderte å bytte handtak men fann liksom ikkje nokon som passa, og dei orginale ER jo veldig fine da:
Ah.... For ei lykkefølese det gir å få eit slikt praktmøbel i hus :-D

Og så har eg fått ein ny Award! Tusen takk snille Frida, det setter eg VELDIG pris på skal du vite! Ta ein titt innom den flotte bloggen hennar Spetsar och Volanger
MASSE flotte bilder, her kan ein hente inspirasjon!

Da gjenstår berre å ønske alle ein fortsatt flott søndag!

:o)

onsdag 4. februar 2009

Støvlar...

.... er støvlar interiør? Hm, eg har i alle fall ikkje kjøpt dei fordi eg har så veldig bruk for dei ,-) Hi hi Men dei er så Fiiiine! Skulle gjerne hatt Ilse Jacobsen.... men dei er litt dyre til pynt ;-) LilleKjeruben stakkar meinar mamma har gått for langt denne gong; kjøpe sko eg ikkje har planar om å bruke... Men, har funne ut at eg kan forsvare meg med at eg skal bruke dei i hagen da :-) DET må vel vere alibi godt nok? Og så kosta dei berre 239,- :-D
Så; var det verdt det? Vel de får bedømme sjølv :
Hi hi har sjølvsagt med vilje unngått å få med veggen på bildet... den er fremdeles snørrgrønn ;-) Blir sjølvsagt kvit den også.... ein gong :-)
:o)

Og så eit bitte lite PS:
Har malt ferdig kommoden eg har snakka om tidlegare, så no skal den berre bloggifiserast litt så kjem det eit innlegg om den også :-D