fredag 23. april 2010

Dekket bord...

... med nytt service :D


Dei herlige tallerkane med brun dekor har eg bestilt hos Wallas Verden og må innrømme eg er litt småforelska i dei ;-)


Dei kjem nok ikkje til å bli brukt så mykje som tallerken, men som dekketallerken er dei supre!
I tillegg til dei 8 eg hadde bestilt var det med to ekstra; ein med små skader og ein litt mindre. Snakk om ekstraservice!




Er dei ikkje skjønne!?!?!

På bordet har eg også ei herlig rose:



Er så glad i disse fylte gammeldagse rosene! Kanskje eg i år kjem i gang med hagen og får planta nokre Austinroser ute? Mmmmm.... drømme....



Da gjenstår berre å ønske alle ei strålande helg!

:o)

søndag 18. april 2010

Koffert

Ja så har endelig eg også fått tak i ein koffert....


Skulle gjerne hatt ein svart - ja helst begge deler ;-) - men den eg kom over var altså brun.
Men lekker er den!
Den er kjøpt hos skrotnissen.no, absolutt ein nettbutikk verdt eit besøk!

 

Den har fått plass i biblioteket for å halde orden på MiniKjerubens rot.... nei unnskyld; leikar var det ja ;-)

Nye bøker er for anledningen rydda bort fra utsnittet i bokhylla for å bloggifisere... men det er vel lov ? ;-)



LilleKjerubens første sko har fått plass oppå :D



Skjønne detaljer.


Her lar våren vente på seg og snøen har atter ein gong begynt å lave ned!!! Men... det betyr at eg ikkje trenger rake i hagen da :D Ikkje like sikker på om min eine lille gule krokus er så glad for å bli gjømt under eit kvitt teppe da ;-)

Ønsker alle andre ein snøfri søndags ettermiddag!

 

:o)

torsdag 15. april 2010

Ny sykkelkurv...

... men ingen sykkel! Hi hi


Har så lyst på ein romantisk bysykkel... men dei er jo styggdyre! Fann ein kjempefin brukt med brunt skinnsete (ja det er kjempeviktig dette med setet nemlig ;-D), men den kosta jo 5500!!!! Og eg som ikkje likar å sykle ein gong! Det blir liksom eit litt for dyrt tilbehør til antrekket ;-)

Men så fann eg denne på Biltema:


Den er billeg; 1199,-..... men... den har ikkje gir!!!
Har vurdert litt fram og tilbake, og funne ut at sida eg jo i grunnen ikkje brukar å sykle kan eg klare meg uten gir.;-) Og blir det for ille kan eg jo berre trille rundt på den - hi hi. Det eg derimot ikkje kan klare meg uten er det før nemte brune setet, men det må da gå an å få som reservedel? Kostar sikkert like mykje som resten av sykkelen... men da kan eg utsette til neste år :D ....Hm, kanskje eg kan få gir som reservedel også? Hi hi.

Nei seriøst; Trur eg og MiniKjeruben kan få eit par små koselige sykkelturar på piknik med denne :D
...kanskje eg kan lure med LilleKjeruben også? Nei kven prøver eg å lure? Tenåring på piknikk?!? hi hi Nei det får bli meg og mini.

Men tilbake til korga:
Herlig lekker sak fra Kremerhuset med håndtak, så den er perfekt til piknikk :D


Skjønn Hortensia... og nei da... eg tenker ikkje sykle rundt på den ;-) hi hi


Men dette skjønne pleddet som Hulsfruas Memoarer tipsa oss om skal få vere med!
Herlige duse fargar!

Da er det berre å vente til Biltema får inn sykkelen så blir det nostalgisk sykkeltur på meg og mini :D

:o)

lørdag 10. april 2010

Nyoppusset...

... toalett!


Her var det i grunnen ikkje mykje jobb. Har fått snekkaren til å legge nytt tak - gips - og liste på nytt rundt vinduet, ellers er det stort sett sparkle, pusse og male :-D Herlig med små rom som er kjappe å ta da :-D

Slik var det før *grøss*:


Toalettet har fått nytt svart sete:


Vasken er ny:


Den leita eg lenge etter! Er den ikkje nyyydelig?
Du får den med søyle også, men da røra ikkje går i golvet ønsker eg ikkje søyla som sikkert er litt knotete å vaske rundt ;D


Alltid eit problem å finne plass til dei lite pene toalettrullane, samtidig vil ein jo at gjestene skal finne dei om det går tomt... ei bøtte vart løysinga - idé eg har sett på fleire andre bloggar/reportasjar.

Sjølv om det var lite jobb har det tatt si tid ;-) Men no har eg endelig funksjonabelt toalett i 2. etg. Herlig!

Ønsker alle ein strålande lørdag.

:o)

PS. Her ventast det pakke både fra Wallas og Skrotnissen, bilder blir tatt fortløpande :D


torsdag 8. april 2010

Ny kokebok...

... OK så er den ikkje så veldig ny da.... ;-)
Men fiiiiin er den!


Denne har pappa hatt da han gjekk på skulen, mamma har også ei, men den er blå.


Og ikkje er den berre til pynt heller, den har masse grunnoppskrifter og sida eg har fått utdelt negative husmorgen kjem den godt med ;-)

Her har eg funne fram oppskrift på vaflar... nyttig ;-)

Den har fått hedersplass på hylla på kjøkkenet, ein slik liten skatt kan ein jo ikkje gjømme i skapet :D


Tusen takk mamma! (Lovar eg skal bruke den til meir enn pynt ;-D)

Akkurat no bloggar eg til lyden av ein rørlegger!!!! JIPPI!!!! Han monterer vasken de ser i ønskelista i venstre kolonne, bilder kjem :D

:o)

PS. Blommen i siste innlegg har desverre avgått med døden.... den holdt ikkje fulle 2 veker ein gong stakkar!
PSS. Trur eg skal satse på plante uten blomme neste gong.