søndag 28. november 2010

Herlig adventstid...

... ønskes alle!

Her har det vert litt mindre juleforberedelsar enn vanlig... men i dag er huset julepynta som vanlig og vi er klar for herlige desember :D


I fjor kjøpte eg ei bjelle i fattigmannssølv... men fann aldri ein passande plass til den.
I år har eg derimot gjort som mi kjære farmor gjorde: hang julepynt under lampa. Ok, kanskje ikkje det mest dekorative her, men ååå så kos - tenker på skjønne farmor kvar gong eg ser den... og er det ikkje det jula handlar om? Familie? :D
(Ja da, eg er også ein av dei som mistar fokus i denne tida da butikkane bugnar av fristelsar...  ;D)

Ønsker alle ei super førjulstid
-Med passelig dose shopping og masse hygge med familie og venner ;D

:o)

mandag 22. november 2010

Hagestatue!

Kanskje ikkje akkurat sesong for dette no? ;)

Uansett; Mitt murhus vil etter mi meining heilt klart kle ein romantisk men litt formell hage! Eg kan sjå det for meg: Stier som svinger seg rundt forbi, gamle koselige stauder blanda med stramme hekker... flotte urner, og ikkje minst: roser! I massevis!
... Og der hører jo så absolutt statuen til!
Har hatt lyst på ein lenge men andre ting kjem alltid over på prioriteringslista... og har eg funne ein som har vert rimelig har den sjølvsagt vert heil feil.
Men dette har mine koselige foreldre bestemt seg for å gjer noko med :D
(Ja eg veit.. eg er superbortskjemt! ;D)

Bildet er tatt i skumring, og inne, og er skikkelig dårlig... men eg kan ikkje vente til våren med å vise fram denne skjønnheten:

Den står på sokkel og er ganske høg... og tåler 35 kalde grader! Noko som betyr at den kan overleve vinteren også her :D
Drømmer om denne omgitt av Austinroser.... *sukk*... og tenk den ute på denne tida da! Omgitt av frosta roser! Åååå kan ikkje vinteren snart vere over så eg får anlagt rosehage ;)


Men først skal eg ha med meg jula da ;)

Ønsker alle ei frostfi veke uten snø!

:o)

lørdag 23. oktober 2010

Speilvegg...

... hi hi ordet 'speilvegg' gir meg flashbacks til 80-tallet ;-)
Men nei; dette er ikkje snakk om ein vegg full av speilfliser, men eit alternativ til ei dør.


Det eg ønsker meg her er nemlig ei dobbel glassdør mellom stua og biblioteket. Men slike dører er desverre ganske dyre, og så må eg ha ein til å skjere hål i muren for å få den inn også... så det er eit prosjekt som står rimelig langt ned på prioriteringslista. Men drømmer er gratis.... og speil er ikkje så aller verst rimelig det heller ;-)


No Skulle eg gjerne hatt speil som gikk heilt ned til golvet... desse gir meir inntrykk av vindu enn dør, men ein tar det ein får tak i innanfor budsjett ;-)


Litt nakent vart det også så eg kasta over eit sjal - som var veldig fint i butikken men aldri er blitt brukt... ;D - og ja da vart det jo enda meir vindu ;-)

Men eg er fornøyd :D Det einaste er kvaliteten på mine rimelige speil... dei er langt fra beine og det liknar mest av alt på tivolispeil! Slike som får deg til å sjå så rar ut... vel vel, ein dag skal drømmen om dører realiserast og speila skal ut ;-)

Ønsker alle ein strålande lørdag!
:o)

torsdag 14. oktober 2010

Skjønt skap!

No er stua .... (snart)... fylt slik som eg ønsker.


Det har lenge vert ein alt for tom vegg her, men no er den endelig passelig møblert.
Skapet er forøvrig brukt så eg er usikker på kven som har produsert det i sin tid.

Det vart litt tomt under, så eg henta tilbake dei to spisestuestolane som har vert på utlån til kjøkkenet... noko som betyr at eg må på jakt etter nye stolar der ;-) Så da blir det vel å henvende seg til vår gode venn Finn... igjen ;D (Gledar meg! ;D)


Skapet rommar ikkje mykje så det var -heldigvis- ikkje vanskelig å finne ting å fylle det med.


Må innrømme at det der med styling er noko eg sliter fryktelig med, har vurdert å benytte den sleipe metoden "utfordring" for å få hjelp til å pynte vinduspostane mine... kva i alle dagar skal ein putte i dei når det står ein varmeovn under som tørkar ut planter på 1-2-3? Det blir liksom så sterilt uten planter.... Jo men no sporar eg av her, var jo skapet i dag :D

Slik ser det altså ut i stua om dagen:



Neste gong skal eg vise kva eg har gjort med den andre tomme veggen min :D

:o)


 

lørdag 4. september 2010

Loppis

Endelig fekk eg med meg eit loppis! Og for ein fangst!

Kva seier de til House Doctor lysestake til 20 kr? :D

Fekk heilt sommerfuglar i magen da eg så den :D Hi hi

Men for å ta det fra starten:
Her er dagens fangst:

Ein stor koffert, ovalt fat og skål, herlig grøn dessertskål og dagens store stjerne: lysestake!
Turen kosta meg 162 kroner... og da var det 80 kroner til vaffel og brus ;-)

Lysestaken skal nok få flytte litt rundt, men foreløpig er da alt komme på plass:



Kofferten har fått plass under den eg har fra før - som rommar lilleKjerubens leikar i 1. etg :D

Den nye er herlig stor og rommar reservetrekket til soffaen :D ... Lukta var litt innestengt i kofferten, så eg slengte ein duftpose oppi også. Kanskje eg kan hente fram lavendelduftande trekk neste gong?

Kofferten har ikkje akkurat vert på nokon Ameriakareise da..... den er merka med Fagernes-Dokka ;-)

Håpar de alle har ei flott helg :D

:o)

mandag 19. juli 2010

Mini sommaroppdatering :D

Må igjen beklage mangelen på innlegg. Mykje som skjer og ikkje minst SOMMAR har skylda for det ;-)

Og sommar betyr piknik:

Fleeceteppet er jo behørlig omtalt før, men mykje nytt er også med på tur ;D

Favoritten her må vere quilten fra Wallas verden, er den ikkje berre heilt herlig !?! Blir så glad av dei skjønne fargane :D Det skal få bringe sommar inn i stua i heile vinter også... men kven vil vel tenke på vinter no ? ;-)

Skåla kjenner sikkert mange igjen som Greengate, koppar og termos er fra Kremmerhuset, og dei nyyydelige plastikkboksane (eller heiter det melamin?) er merka med "Spiegelburg G*A*R*D*E*N" og noko eg plukka med meg fra ein liten tur til Tromsø :D

Da skal eg tilbake til mitt og fortsette å nyte sommaren :D
Nytt innlegg kjem.... ein gong før eller sida ;-)

Til så lenge: Fortsatt god sommar til Dykk alle!

:D

onsdag 23. juni 2010

"Nytt" hus til fuglane...

... som ventar på ein real rundvask :D


Gammel fuglekasse eg er så heldig å ha fått... *kremt* eller var det 'mast meg til'? ;D


Som de skjønnar er det fremdeles hagen som får min oppmerksomhet om dagen. Interiør kjem også... ein gong på høsten ;-)

:o)

torsdag 17. juni 2010

Hengekøye!

... er endelig på plass!


Har lenge ønska meg hengekøye med 'pyntet' kant. Men dei har vert så dyre.... bestemte meg for at jo, no skulle eg skaffe meg ei slik og var i full gang med å sjekke prisar på nettet.
Men så er eg tilfeldig innom Kremmerhuset.... og kva ser eg? hengekøye til 339!!! Heldige meg :D


Så er de i tvil om kvifor det er så stille på bloggen.... så ligger eg altså i hengekøya og nyter livet ;-)

:o)

tirsdag 25. mai 2010

Drømmer om...

Tar NIB's utfordring på strak arm ;-)
Her er det som står øverst på interiørønskelista:

Trenger større lysekrone over spisebordet... ja det er nermast livsnødvendig:


Kjøkkenmaskin... som ikkje trenger nermare intro ;D:


Med denne skal eg bli superflink til å bake blant anna! Er litt usikker på fargen berre.... rosa? blå?... eller safe med kvit? Den skal jo vare i 30 år ;D

Seng:

Fra Oly

Gjett om eg skulle drømt mange herlige drømmar i den!!!! ...men min skulle hatt grått stoff :D

Og det eg drømmer aller mest om (heldigvis gratis å drømme!!!), er ikkje interiør..... men eksteriør: full utvendig facelift!:

Villa oppført i 1919 - arkitekt Hans Backer Fürst (I dag Egypts ambasade)

Mitt heller kjedelige 50-tals murhus trenger sårt ein facelift, og dette er det eg ser for meg :D
Mitt skal dog vere grått med litt meir pynt rundt vindua, og ha svart dør, men gjerdet er heilt riktig og prikken over i'en for meg, ja og så skal eg ha smijern på balkongen min da. :D Åååååå.... drømme....

:o)

torsdag 20. mai 2010

Sommerfarge...

... på kjøkkenet.

Endeleig har eg klart å putte noko anna enn lyseblått på kjøkkenet...
Mi lengsel etter struktur får meg ofte til å velge få eller ingen fargar, og symetri og par.... men i interiøret så likar eg jo best litt ustruktur og 'rot'... Forstå det den som kan, det lagar i alle fall trøbbel for meg når eg skal innrede ;-)

Men her er i alle fall min bitte lille fargeklatt:

Små kakeformer fra Miljögården.
Håpar desse skal duge til sjokoladefondant :-D Mmmmmm....
Kanskje også til amerikanske muffins? Eller vil dei sitte fast? Brenne seg? .... hi hi er som de skjønnar ingen super husmor ;-)


Nydelige duse fargar.
Finnes også i blått (men eg jo var flink og hold meg unna!!! ;-D), og med hjertefasong.

Nok ei langhelg står for døra, kos dykk :D

:o)

tirsdag 11. mai 2010

Lite tips.

... Men først ei bitte lita unnskyldning fordi eg er så lite tilstede om dagen, når ting blir mindre hektisk skal eg prøve å komme sterkare tilbake :D

Men; så var det tipset:


Mange av oss likar at ting ser meir eller mindre brukt ut, og behandlar nye ting med forskjellig for å få dei slik vi vil ha dei. Eg har prøvd meg fram med forskjellig på metaller og funne ut at om du legger dei i rein salmiakk får dei etter berre ein time eller to den rette finish :D


Her har eg vert så heldig å få ei lysklype og nokre kertellys - ja eg sa 'få' - fra WallasVerden. Tusen takk snille Walla!
Men klypa var veldig blank - glømte førbilde desverre, men de veit korleis dei ser ut.
Etter ein time i salmiakk var den uansett slik eg ville ha den :D

Ønsker alle ei strålande langhelg når den tid kjem :D

:o)

søndag 2. mai 2010

Kaffeservice

Når eg først var i gang med bestilling fra skrotnissen.no bestilte eg også dette flotte servicet:


Syntes det var så koselig... sjølv om eg egentlig såg etter eit med blommer på ;-)
Rimelig var det også da det er av ukjent polsk herkomst, passar meg fint :D



Opalinskåla (maken til den eg arva etter farmor... og knuste! *Snufs*) og fløytemuggen (JDL) hadde eg fra før.


Kanskje litt i overkant med gull... hi hi... men duger til eg finner eit med blommer på :D


Ønsker alle ein strålande søndag :D
Her er veret fantastisk og hagen skriker etter litt stell, så ut med oss! :D

:o)

fredag 23. april 2010

Dekket bord...

... med nytt service :D


Dei herlige tallerkane med brun dekor har eg bestilt hos Wallas Verden og må innrømme eg er litt småforelska i dei ;-)


Dei kjem nok ikkje til å bli brukt så mykje som tallerken, men som dekketallerken er dei supre!
I tillegg til dei 8 eg hadde bestilt var det med to ekstra; ein med små skader og ein litt mindre. Snakk om ekstraservice!




Er dei ikkje skjønne!?!?!

På bordet har eg også ei herlig rose:



Er så glad i disse fylte gammeldagse rosene! Kanskje eg i år kjem i gang med hagen og får planta nokre Austinroser ute? Mmmmm.... drømme....



Da gjenstår berre å ønske alle ei strålande helg!

:o)

søndag 18. april 2010

Koffert

Ja så har endelig eg også fått tak i ein koffert....


Skulle gjerne hatt ein svart - ja helst begge deler ;-) - men den eg kom over var altså brun.
Men lekker er den!
Den er kjøpt hos skrotnissen.no, absolutt ein nettbutikk verdt eit besøk!

 

Den har fått plass i biblioteket for å halde orden på MiniKjerubens rot.... nei unnskyld; leikar var det ja ;-)

Nye bøker er for anledningen rydda bort fra utsnittet i bokhylla for å bloggifisere... men det er vel lov ? ;-)



LilleKjerubens første sko har fått plass oppå :D



Skjønne detaljer.


Her lar våren vente på seg og snøen har atter ein gong begynt å lave ned!!! Men... det betyr at eg ikkje trenger rake i hagen da :D Ikkje like sikker på om min eine lille gule krokus er så glad for å bli gjømt under eit kvitt teppe da ;-)

Ønsker alle andre ein snøfri søndags ettermiddag!

 

:o)

torsdag 15. april 2010

Ny sykkelkurv...

... men ingen sykkel! Hi hi


Har så lyst på ein romantisk bysykkel... men dei er jo styggdyre! Fann ein kjempefin brukt med brunt skinnsete (ja det er kjempeviktig dette med setet nemlig ;-D), men den kosta jo 5500!!!! Og eg som ikkje likar å sykle ein gong! Det blir liksom eit litt for dyrt tilbehør til antrekket ;-)

Men så fann eg denne på Biltema:


Den er billeg; 1199,-..... men... den har ikkje gir!!!
Har vurdert litt fram og tilbake, og funne ut at sida eg jo i grunnen ikkje brukar å sykle kan eg klare meg uten gir.;-) Og blir det for ille kan eg jo berre trille rundt på den - hi hi. Det eg derimot ikkje kan klare meg uten er det før nemte brune setet, men det må da gå an å få som reservedel? Kostar sikkert like mykje som resten av sykkelen... men da kan eg utsette til neste år :D ....Hm, kanskje eg kan få gir som reservedel også? Hi hi.

Nei seriøst; Trur eg og MiniKjeruben kan få eit par små koselige sykkelturar på piknik med denne :D
...kanskje eg kan lure med LilleKjeruben også? Nei kven prøver eg å lure? Tenåring på piknikk?!? hi hi Nei det får bli meg og mini.

Men tilbake til korga:
Herlig lekker sak fra Kremerhuset med håndtak, så den er perfekt til piknikk :D


Skjønn Hortensia... og nei da... eg tenker ikkje sykle rundt på den ;-) hi hi


Men dette skjønne pleddet som Hulsfruas Memoarer tipsa oss om skal få vere med!
Herlige duse fargar!

Da er det berre å vente til Biltema får inn sykkelen så blir det nostalgisk sykkeltur på meg og mini :D

:o)

lørdag 10. april 2010

Nyoppusset...

... toalett!


Her var det i grunnen ikkje mykje jobb. Har fått snekkaren til å legge nytt tak - gips - og liste på nytt rundt vinduet, ellers er det stort sett sparkle, pusse og male :-D Herlig med små rom som er kjappe å ta da :-D

Slik var det før *grøss*:


Toalettet har fått nytt svart sete:


Vasken er ny:


Den leita eg lenge etter! Er den ikkje nyyydelig?
Du får den med søyle også, men da røra ikkje går i golvet ønsker eg ikkje søyla som sikkert er litt knotete å vaske rundt ;D


Alltid eit problem å finne plass til dei lite pene toalettrullane, samtidig vil ein jo at gjestene skal finne dei om det går tomt... ei bøtte vart løysinga - idé eg har sett på fleire andre bloggar/reportasjar.

Sjølv om det var lite jobb har det tatt si tid ;-) Men no har eg endelig funksjonabelt toalett i 2. etg. Herlig!

Ønsker alle ein strålande lørdag.

:o)

PS. Her ventast det pakke både fra Wallas og Skrotnissen, bilder blir tatt fortløpande :D