onsdag 27. januar 2010

Pakke i posten!

Snille mamma har sendt meg teppe av oldemorruter!


Prøvde å starte på eit slikt sjølv for eit par år sida... *kremt*... aldri er det blitt ferdig... og eg har faktisk glømt korleis ein heklar under vegs ;-) Men kanskje like greit for no likar eg ikkje fargane eg valgte lenger heller ;-) *fnis*

Men dette er jo rålekkert:

Såååå herlig grågrønn farge!
Lekkert var det også med ein liten fargeklatt i stolen på biblioteket, bøkene tilfører jo farge i overflod, men interøret ellers er holdt i kvitt..... ja akkurat som det var nokon overraskelse ;-)

På bordet ser de lysestake fra JDL som eg fekk til jul - nyyyydelig!

Herlig slitt patina.

Med gave fra JDL kan ein jo nesten ikkje ta feil ;-) Kjem jo såååå mykje lekkert fra den kanten!

Til slutt ein stor takk til Bergfrua for award!
Tusen takk, den varmar!

:o)

fredag 22. januar 2010

NIB-utfordring: Bad!

Badet mitt er relativt nyrestaurert og eg er VELDIG stolt av det ;D Så når NIB utfordrar viser eg det gjerne fram.... :

Diagonalt sjakkmønster på golv, 15*15 kvite fliser på veggen ca 2m opp, malt mur øverst.





Er så glad i denne hylla...



... der korga fylt med nostalgiske artikler står:


Det er ikkje stort, så fotografering er ei utfordring ;-)

Benken rundt vasken har mosaikkfliser, det samme har ytterkanten på skilleveggen mellom vask og dusj - forheng i staden for dører i dusjen:
Nostalgisk blandebatteri i dusjen - men dette er lett å stille inn: ein knott til varmen, og ein til vannstrøm :D
Ikkje akkurat ein 'Vipp'... men den duger da:


På andre sida av veggen er altså vasken, også her forheng i staden for dører:

Og slik som eg leita etter denne vasken.... og så fann eg den på IKEA!!!!:

Elskar desse blandebatteria og har planar om å ha slike på samtlige vaskar i huset:

Hylle over speigelen med korger - Bildet er tatt før lyset kom opp... men *kremt* lista som skal skjule den lite pene spottlampa er ikkje på plass.... enno ;-)


Som i resten av huset blir alle kontaktar som blir skifta erstatta med nostalgiske runde.... slik det opprinnelig var:


Herlig såpeskål og glass.... og nostalgisk tannkrem ;-)
Også her har eg "lysekrone" :

NB. Sjekk med elektriker før du monterar. "Min" elektriker fortalte at fordi eg har litt ekstra takhøgde trengte eg ikkje våtromsgodkjent lampe :D

Vel, det var mitt lille bad, håpar du har kosa deg ;-)

:o)

mandag 18. januar 2010

Fuglebur!!!

Da har også eg fått fuglebur i hus.... hi hi, eg sto i mot ganske så lenge synest eg ;-)

Men da Maliva viste fram dette fra H&C forelska eg meg fulstendig:



Da eg nemte for Maliva at eg skulle dit lørdag for å kjøpe, fortalte ho at det berre var eit igjen.... og var så snill å sette det av til meg! Snakk om service!!
Er det ikkje flott?



Og med min skjønne madonna:


Når lyset er tent glødar ho!

Mmmmm.... vakkert :D
Ønsker alle ei strålande veke!
:o)

fredag 15. januar 2010

Peishylle...

... med litt nytt innhold :D




Den skjønne engelen fra JDL var eg så heldig å få til jul, kubbelysholdaren er også ny :D





Den åpne peisen varmar jo ikkje akkurat huset, så ved sida er det installert ein vedovn.... drømmer om krone på toppen av den, da blir den perfekt! :D


Og så har eg fått ein award! Tusen takk snille Villa Kaos for denne påskjønning og så flotte ord!
Ta ein titt innom til denne koselege dama, vel verdt eit besøk!

Med awarden var det også nokre 'reglar', blant anna:
* Fortell 7 interessante fakta om deg selv.

Om det er av interesse gjenstår å sjå, men vi prøver ;-)
1. Eg likar ikkje vinter... fordi eg har så lett for å fryse, og kva eg tenkte når eg kjøpte murhus spør du? Jo du ser det.... eg er så grunn at eg går etter utseende før funksjonalitet ;-) Må berre budsjettere med meir peng til strøm/fyring ;-)
2. ...som bringer meg til: eiger ikkje ski! Ikkje bortover, og heller ikkje nedover :D Og er STOLT av det! :D *fnis*
3. Planlegger! Kva eg planlegger? Tja... det blir vel... alt! ;-)
4. Elskar å reise! Og da er det viktig å få med seg litt historie og kultur. Håpar at når eg er 90 - for jo da; eg har nemlig planlagt å bli ganske gammel... og da blir det slik! :D - skal eg ha besøkt alle land i Europa :D
5. Som igjen bringer meg til bestemt! *fnis* Eg har ei veldig bestemt meining om kvar det der berømte skapet skal stå... nemlig! :D
6. Blir lett stressa :-( ... noko eg jobbar med å forbedre :D
7. ... men har heldig vis evna til å sjå positivt på det aller meste :D

Skulle også sende den vidare til 7 andre, men det er så mange som ikkje ønsker slike henvendelsar så da lar eg den stoppe her... gir heller utfordringa vidare til den som ønsker det av mine leserar.


Ønsker alle ei flott - og sjølv om temperaturen no har stege dei fleste stader - ei enno varmare helg!

:o)

lørdag 9. januar 2010

Fuglebad!



Dette har eg titta på ei stund.... er stor fan av døde ting til bruk i uterommet... har nemlig forlagt mine grønne fingre ein eller anna plass for evighetar sida ;-)


Heldigvis er det mykje anna flott ein kan pynte med ute også :D



Hørte om ein som hadde steinlagt heile tomta si.... kanskje noko å vurdere? Litt dyrt kanskje, men lettstelt og fint. Det skal i alle fall eg vurdere når eg skal byrje på tomta.... når eg er ferdig inne meinar eg.... ja om sånn ca 8-10 år... hi hi så ikkje hold pusten i påvente av bilder! ;-)
Ønsker alle ein fantastisk lørdag!

:o)

tirsdag 5. januar 2010

Nytt år...

... nye oppussingsplaner :D

Først har eg ei liste over ting som skal gjerast ferdig... Av ein eller anna grunn står det alltid igjen noko når eg pussar opp... nokon som kjenner seg igjen der ute?

Hm, ja tenkte eg det ikkje, der var det mange som krympa selg litt ja ;-)

Lista mi er i alle fall blitt ganske lang etter kvart:
* Male dørkarmen til ytterdøra - nye lister har ført til at gammel bonderød maling er synlig!
* Få satt inn vask på toalett2 - temmelig upraktisk med vask i naborommet!
* Skru opp lamper og ovn på toalett2 - også upraktisk!
(Og om nokon no prøver seg på å påstå at eg ikkje har eit ordentlig toalett, heller eit mørkt, kaldt kott med klosettskål... ja så er dei temmelig nerma sannheten ;D)
* Male døra på toalett1 (den er furu!!! *grøss*)
* Male karmen på den nye (gamle... og veldig fiiiine) gangdøra.
* Få opp hyller i gangen... nokon som veit ein plass eg kan få tak i fine hylleknektar -sinkfarget ?!?
* ...
... lista er neste ueeeendelig.

Men litt er da gjort:

Vart aldri heilt venn med det svarte gelenderet i trappegangen, så eg mala det grått som resten av trappa, og no er vi bestevenner ;-)

Med lyst gelender vart lampettane dog litt framtredande, men var så heldig å få stor herlig lysestake til jul som passa perfekt!


Det einaste som er dumt er at eg berre ser herligheten når eg passerar... burde kanskje vurdere å lage koseplass i trappa så eg kan sitte der og nyyyyte? ;-)



Ellers har eg i 2010 planar om å:
* Pusse opp eit soverom - der er det heldigvis berre maling som skal til..... og det beste av alt: Innredning!!!! :D
* Pusse opp toalett1 - det skal renoverast og alt skal ut. Phu!
* Pusse opp ein gang - her skal eg starte 'enkelt' med maling så få renovering komme med tida.
Blir altså ikkje kjedelig (les arbeidsledig) i år heller ;-)

Kva med dykk? Har de mange interiørplanar for det nye året? Eller er de av dei heldige som har ein bolig som er slik de ønsker? .... eller er det i grunnen mulig å komme heilt i mål?

Avsluttar i alle fall med å ønske alle eit riktig god nytt interiørår!
:o)