lørdag 23. oktober 2010

Speilvegg...

... hi hi ordet 'speilvegg' gir meg flashbacks til 80-tallet ;-)
Men nei; dette er ikkje snakk om ein vegg full av speilfliser, men eit alternativ til ei dør.


Det eg ønsker meg her er nemlig ei dobbel glassdør mellom stua og biblioteket. Men slike dører er desverre ganske dyre, og så må eg ha ein til å skjere hål i muren for å få den inn også... så det er eit prosjekt som står rimelig langt ned på prioriteringslista. Men drømmer er gratis.... og speil er ikkje så aller verst rimelig det heller ;-)


No Skulle eg gjerne hatt speil som gikk heilt ned til golvet... desse gir meir inntrykk av vindu enn dør, men ein tar det ein får tak i innanfor budsjett ;-)


Litt nakent vart det også så eg kasta over eit sjal - som var veldig fint i butikken men aldri er blitt brukt... ;D - og ja da vart det jo enda meir vindu ;-)

Men eg er fornøyd :D Det einaste er kvaliteten på mine rimelige speil... dei er langt fra beine og det liknar mest av alt på tivolispeil! Slike som får deg til å sjå så rar ut... vel vel, ein dag skal drømmen om dører realiserast og speila skal ut ;-)

Ønsker alle ein strålande lørdag!
:o)

torsdag 14. oktober 2010

Skjønt skap!

No er stua .... (snart)... fylt slik som eg ønsker.


Det har lenge vert ein alt for tom vegg her, men no er den endelig passelig møblert.
Skapet er forøvrig brukt så eg er usikker på kven som har produsert det i sin tid.

Det vart litt tomt under, så eg henta tilbake dei to spisestuestolane som har vert på utlån til kjøkkenet... noko som betyr at eg må på jakt etter nye stolar der ;-) Så da blir det vel å henvende seg til vår gode venn Finn... igjen ;D (Gledar meg! ;D)


Skapet rommar ikkje mykje så det var -heldigvis- ikkje vanskelig å finne ting å fylle det med.


Må innrømme at det der med styling er noko eg sliter fryktelig med, har vurdert å benytte den sleipe metoden "utfordring" for å få hjelp til å pynte vinduspostane mine... kva i alle dagar skal ein putte i dei når det står ein varmeovn under som tørkar ut planter på 1-2-3? Det blir liksom så sterilt uten planter.... Jo men no sporar eg av her, var jo skapet i dag :D

Slik ser det altså ut i stua om dagen:



Neste gong skal eg vise kva eg har gjort med den andre tomme veggen min :D

:o)