torsdag 29. januar 2009

Planter - forbruksvare?

... det er dei i alle fall her i huset!!! Eg tar livet av ALT! Vel nesten alt, har ein liten sak som har overlevd i åresvis, den er min motivasjon for ikkje å gje heilt opp :-D
Men sida dei stadig dør ut, er dei altså forbruksvare. I dag har eg oppdatert med 3 nye:
Perleblomst på kjøkkent. Mmmm.... kjenner vårfølelse på tross av 15 kalde ute.... *brrrr...*
Den lille urna er kjempetung og kjøpt på Linneas hage... som så mykje anna ;-) Kjempefin!
Stua har fått eit par nye eføy, dei går det MANGE av i løpet av eit år ;-)
Den eine står i ei urne fra Sia:
Den andre i ei urne kjøpt på Chicas og Venner, der hadde dei VELDIG masse fint rett før jul... eller... der har dei jo masse fint heile tida ;-) Trur den butikken har tatt topplasseringen fra Linneas hage her i huset ;-)

Godt å få inn igjen litt planter... ser no at eg har glømt å raske med meg snittblomster!!! Vel, da får eg ta det over helga, skal ikkje vere heime like vel ;-)

Ønsker dykk alle ei flott helg når den tid kjem!

:o)

mandag 26. januar 2009

Vertinnegave!

I helga hadde eg middagsgjester, alltid like koselig.
Og heldige meg fekk vertinnegave, og ikkje vilken som helst vertinne gave nei! Etter alt mitt mas om å få inn litt større ting her fekk eg desse flotte lysestakane:
Dei er over 40 cm høge og ruvar skikkelig i landskapet ;-) Kjempefine er dei! Tusen takk kjære I, det var så alt for masse!
Er dei ikkje flotte?

Ønsker alle ei fortsatt flott veke!
:o)

lørdag 24. januar 2009

Krans til skapet

Når eg har drømt om eit flott skap i MI stue har eg alltid sett det for meg med krans på, synest det er så nydelig.
Og sida eg fekk skap i hus sist helg var det jo berre å bitte krans - som er SKIKKELIG kjedelig btw! Starta med å bitte ein....nei TO faktisk... i thuja! Hi hi var det einaste eg hadde i hagen som var vintergrønt. Og eg skal sei det vart jul i huset! LOL! Dei måtte jo ut med ein gong. Så var det å ta ein tur på Plantasjen da, og der fann eg nokre greiner som kanskje kunne duge:
Vart litt deilig vår i huset :-D At det er 'snøstorm' (i alle fall etter amerikansk standard ;-D) ute, klarar ikkje dra ned hummøret mitt i dag! Er kjempefornøyd!
No gjenstår berre å sjå kor lenge kransane held seg fin ;-)

Ellers kan eg røpe at eg har fått ein kjempeflott kommode i hus også, den er no ferdig grunna og eg håpar virkelig eg snart skal få tid til male den, men vil nok drøye bitte litt før den er klar for bloggen ;-)

Fortsatt god helg til alle!
:o)

tirsdag 20. januar 2009

Bokmerke og Award

Elskar desse fine sinkkorsa og tenkte det ville bli fint som bokmerke i salmeboka. Satte berre i litt beige blonde og hamp:
Synest det vart veldig koselig :-D

~ ~ ~ ~ ~

Og så har snille Carpe Diem gitt meg heile 3 AWARDs!!!
Det har eg da virkelig ikkje fortent, men er virkelig rørt og glad! :-D Tusen tusen takk! Dei varmar det skal du vite!

Reglane for denna awarden er:
1. Vinneren kan kopiere denne logogen til hans/hennes side.
2. Lag en link til han/henne du fikk awarden fra.
3. Nominer minst 7 andre blogger.
4. Lag linker til disse bloggene på bloggen din.
5. Legg igjen beskjed på bloggene til de nominerte

Dei 7 eg sender den vidare til er:
Vitt hus med vita knutar
Min lilla veranda
Lilla Blanka
Vita Ranunkler
Lisbeth sin lille verden
MormorRuthsAnn
Lantlif

Denne fulgte det ikkje noko 'regelverk' med, så den ventar eg litt med :-D

"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET - nærhet i rom, tid og forhold!Disse bloggene er usedvanlig sjarmerende og søte, og formålet er å finne og være venner.De er ikke opptatt av selvhevdelse. Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelsene er knyttet vil enda flere vennskap ha forplantet seg. Vær vennlig og gi litt ekstra oppmerksomhet til disse.Gi denne awarden til åtte bloggere som igjen må velge seg nye åtte."

Dei åtte eg har valgt å sende denne vidare til er:
Spetsar och Volanger
Vintage
Fru Skrot
Husfruas Memoarer
Brocante
Amora
Wallas Verden
Drømmen om en eplehage


Phu! Det var ikkje lett å plukke ut blant alle dei flotte bloggar der ute!

No har nok mange fått desse både ein og fleire gonger før, men håpar dei setter pris på ei lita påskjønning like vel ;-)

Så gjenstår berre å ønske alle ei fortsatt flott veke!
:o)

mandag 19. januar 2009

Nytt skap!

Ei laaaaaaaaaaaaaaaang jakt er endelig over!
Har vert ein fast lesar av Finn det siste året, men ikkje funne det rette: For langt unna, glass i sidene, skrå sider, for dyrt, for seint ute....... men ENDELIG! Takket vere mamma! Snille mamman min! Det var midt i eit møte, så eg handla det pr SMS, og jo da, eg sneik meg inn på Finn så eg fekk sjekka bildet først ;-)
Måtte kjøre 2,5 time forå hente det... men VERDT det var det!!!
Det var det som mangla: eit møbel i høgden, no er det fullt møblert.
Veldig nøgd med resultatet :
Det er litt dårlig malt så det skal få eit nytt strøk med maling... men eg kalrte ikkje vente med å fylle det med noko ;-)
Men kva fyller ein da eit slikt skap med? Eg har blant anna lagt inn nokre dukar for å fylle det med litt forskjellig... men det vart berre så som så.Får eg det ikkje til setter eg inn gardiner :-D Men nokon som har tips? Kanskje bilder på egen blogg av 'fyll' til framskap? Tar i mot alle tips med takk :-D
Ønsker alle ei fortsatt flott veke!
:o)


søndag 11. januar 2009

Smånytt

Juleinnkjøp og julegåver er enno ikkje blogga om, så her var det på tide å ta i eit tak!
Eg har jo innsett at eg treng litt større ting her heime for å skape ei heilhet... har liksom ein tendens til å falle for dei søte små tinga - dessuten er dei store ofte dyre ;-) he he
Men med bakgrunn i dette kjøpte eg meg ny speigel til jul (ja da STOR), og fekk denne nyyydelige STORE stormlykta i presang fra ei god venninne. Er den ikkje flott!:
Hm, ser ikkje stor ut på bildet da.... men tru meg den er godt synlig! 40 cm høg :-D
Fekk også blant anna eit duftlys til jul av min søte søster. Og dette er det duft av! Har hatt nokre som nesten ikkje luktar men dette må slukkast etter ei lita stund, da luktar det godt i heile 1. etg :-D Og så er det i så nydelig beholdar :-D Urna og vasen på bildet vart også kjøpt inn før jul.... vasen er skikkelig stygg/pen! Turkis (av den grønnare typen) med glorete trykk. men syntes det vart fint med ein liten fargeklatt :-D
Veeeldig fin boks:Fekk også denne fine lysestaken - den største på bildet:Er den ikkje fantastisk? Ca 50 cm høg, så ingen pingle dette heller ;-)Har sikla på denne leeeenge, og til jul fekk eg den av ei av mine gode venninner. Heldige meg :-D Litt detaljar:Det var litt av det som har komme i hus i løpet av jula.
No ventar eg på ein kommode! Også den er ein gave :-D Eg er velsigna med SÅ snille venner :-D Denne flotte kommoden -som sjølvsagt vil bli vist fram her når den er på plass- er eit arvestykke, men passar nok ikkje heilt inn i smaken til sin noverande vert.... men her vil den passe PERFEKT! Det er altså ein gammel høg smal kommode med 'topp'. Gledar meg til å vise dykk!
Håpar alle har hatt ei fantastisk helg!
:o)