lørdag 5. desember 2009

Soffaen har fått...

... ny julekjole!
Etter nokre år med heilt kvit jul slapp rødfargen så vidt tilbake i fjor med ein einaste liten rød arveduk... Men i år!!! I år skulle rødt inn igjen :-D
Arveduken er ganske smal, og har no fått plass på spisebordet som løpar, du skimtar den bakerst i bildet.
Men sofaen har altså fått nytt herlig rødt trekk. Har heldigvis litt kvite puter som er med på dempe alt det røde....
...for eg ser jo at det vart litt 'over the top' ;-)
Hi hi ... men sjølv om dette ikkje er heilt i samsvar med stilen eg prøver å oppnå ellers i året synest eg det vart kjempekoselig!
Ingen skal i alle fall vere i tvil om at her er det JUL <3
Planen var å satse på kvitt -synest det er så rolig - men med litt enkle røde ting innimellom :-D
Da ville det blitt litt slik som her forran peisen:
I år har eg også endelig somla meg til å lage ein girlander:
Lat som eg er for eg ut for å kjøpe ein falsk girlander eg kunne plukke fram år etter år... men den såg litt... ja akkurat; falsk ut!
Så da var det å sette seg ned og tvinne sammen sjølv da ;-) Men det både ser bra ut og luktar fantastisk jul!
Her i huset er altså julestemninga så absolutt på plass!!!! Ååååå eg elskar elskar elskar jul!
Ønsker alle ei fortsatt fantastisk strålande førjulstid!
:o)

torsdag 3. desember 2009

Endelig i hus!!!!

Roberts radio!!! :D

Mmmmm, så herlig følelse å krysse av ein av tinga på ønskelista!!! :D
Og den passa perfekt på den tiltenkte plassen:


Den går også på batteri, og kan takast med kor som helst. Her har eg dog kun flytta den ein liten meter over på kjøkkenbordet ;-)

Hi hi Ok så er det litt bloggifisert da ;-)

Sånn ein herlig blåfarge!!!!
Ååååå den er så skjønn... og eg kjenner meg aldri så lite forelska :D *knis*


Ønsker alle ein herlig torsdag, EG skal i alle fall bruke ettermiddagen på kjøkkenet med min nye Roberts ;-)

:o)

lørdag 28. november 2009

Endelig!!!...

...er trappegangen ferdig malt!

Det manglar nokre lister her og der, men OI for ein forskjell!!!!
Har jo lova ein sniktitt sjølv om det ikkje er ferdig:
Grøss og gru! Slik var det altså før:
Vurderte sterkt å droppe 'før' bilde... men da ser de jo ikkje den store endringen ;-)
Også her har eg valgt kontaktar og bryterar fra Renova, svarte her i motsetning til dei kvite eg har benytta andre plassar:
Støvlane passar også perfekt i nye gangen ;-)
Nye nydelige lampettar fra bloomingville: Er veldig fornyd og synest det vart flott.... men må nok venne meg litt til alt det svarte trur eg. Grått gelender og lampettar i klart glass hadde nok vert finare.... vi får sjå ;-)

Litt meir detaljbilder av interiøret kjem når eg er ferdig med å liste... ein eller anna gong ;-)
Da gjenstår å ønske alle ein super lørdag!
:o)

søndag 22. november 2009

Tallerkenhylle

Denne betalte eg vel 10 kr for på loppis i fjor ein gong... hadde i grunnen tenkt den skulle romme bøker på kontoret (men det blir jo aaaaldri ferdig ;-D).
Eit par strøk med maling og litt pussing så var den klar:Var litt trangare på lista enn eg hadde rekna med, så fatet eg hadde gleda meg til å få vist fram på permanent basis vart det ikkje plass til! Fatet er liksom for djupt, og får dermed ikkje feste på den smale hylla :-(
Vel.... hi hi Det er jo i grunnen ein veldig god grunn til å stikke på Shopping! Fata som står der no vart litt kjedelige.... skulle jo hatt litt mønster, er de ikkje enige? :D

Har i grunnen meint at tallerkenhyller hører heime på eit kjøkkenet, men her må eg altså snu ;-) Synes det vart fint i (spise)stua også eg :D Det er jo sååå koselig å vise fram alt det skjønne ein vanlegvis gjømmer bort i skuffer og skap.
Vart jo plass til litt på den lille hylla under også:
Desse har eg hatt i '100 år':
Elskar dei!
Bytta med det same ut det som var på annretningsbordet:
Den skjønne madonnaen fekk komme litt meir fram, sammen med salmebok, bibel og rosenkrans.

Snart er eg også ENDELIG ferdig med å male trappegangen!
Enno 2-3 veker til listene kjem, men skal vise ein liten sniktitt når alle detaljane er ferdigmalt :D

Ønsker alle ein strålande søndag!
:o)

lørdag 31. oktober 2009

Korgstolen...

...har fått komme inn i varmen:
Denne har eg hatt sida eg vart konfirmert, og i det siste har den vert brukt ute.
Og DET berer den da også preg av!:
I fjor sto den på trappa vinteren gjennom, men det tåler den nok ikkje igjen. Alternativa var da inn i varmen, eller i boden. Og den måtte da få komme inn?
Oppi har eg eit herlig skinn, ei gammel hardangersøm-pute og CLV-sittepute. Likar godt kontrastane.
Men det vart litt for slitt for stilen min.... skal la den stå der ei lita stund før eg bestemmer meg for om den får bli eller skal forvisast ;-)

Bildet som eg har hatt liggande lenge uten ramme kom også endelig opp.... men nope... likte ikkje det heller :-( Trur det er ramma som ødelegger... den burde vert mindre svart og KRAFTIGARE! Får sjå kva eg får til... litt lister kan jo kanskje hjelpe på :D

Vel, da får eg gå tilbake til malingsspannet i trappa (guuuuuuud så lei eg er oppussing!!!!)
Fortsatt god helg, og ha ein riktig flott allehelgensaften!
:o)

torsdag 22. oktober 2009

Stolar...

... med nytt trekk:
Sånn var dei før: Og eg er ikkje riktig sikker på om dei faktisk VART bedre?!?!
Hadde gleda meg slik for stoffet er såååå nydelig, detaljar ser de her:
Det er dueblått med små prikkar i brunt, og krem - kremprikkane blir borte på bildet ser eg, men dei er der mellom dei brune ;-) Men prikkane gjer at stoffet får litt liv og ikkje blir så flatt, HERLIG er det!

Men altså; vart det bedre?.... mmmmm skeptisk.... Kanskje om eg malar bordet? Før var det jo brunt bord og brune stolputer... no synest eg det blir litt kræsj? ...eller?
Bytta til kvit duk for å sjekke... vart bedre....men nei - fremdeles skeptisk.... her er det nok berre å finne fram malespannet (igjen), men ikkje før etter jul! Har utvikla ein aldri så liten midlertidig allergi mot malekostar ;-)

Må med det samme få takke for denne skjønne Awarden:
Den er sendt meg fra Danske Birgitte med den herlige bloggen Birgittes Blog, stikk innom og ta ein titt! Ein av mine absolutte favorittar. Vel verdt besøket!
Tusen tusen takk kjære du! Den varmar!

:o)

lørdag 17. oktober 2009

Dør fra 1890!

.... og eg er i lykkerus!
Føler meg så heldig når eg får tak i slike herlige gamle ting! Du skimtar den bak hjørnet her: Denne herligheten har stått i ein bygård på Torshov, og er altså fra 1890.
Døra er berre lent opp mot veggen, og eg har ikkje tatt meg tid til å vaske den ein gong... hi hi ... ville så gjerne vise den fram!

Ja eg veit huset mitt er fra 1952... men dører fra 50-tallet har eg absolutt IKKJE sansen for! ;-) Og legger derfor heller ikkje ut bilde av den døra som opprinneleg sto der ;-) Men de kjenner til dei: slette i gulbrunt tre *grøss*!

Og bak døra kan de sjå at eg endelig har fått opp lykta mi også:Den har stått i biblioteket på vent... på at listene i gangen skulle komme opp... *sukk*... ting tar tid.... men no er det nesten ferdig :-D Manglar berre at snekkaren skal komme og sette inn den nye fiiiiiine fiiiiine døra- og liste rundt den- så er det klart...ENDELIG!

Litt bedre bilde av lykta:
Fortsatt god lørdag - no skal eg pusse ferdig tak og veggar i trappegangen.
:o)

søndag 11. oktober 2009

Kommode før/etter

4.mappe - 4.bilde:
Har motatt utfordringa som har sveva rundt her inne ei god stund fra den flotte bloggen Renates kammers, vel verdt ein titt :D

Den 4. mappa i 'Bloggbilder'-mappa mi er mappa til Biblioteket - men la deg no ikkje lure til å tru eg har eit gods... sjølv om eg likar å tru det ;-) Men drømmen om eit rom til bøkene har vert der sida eg var ca 18 og da eg kjøpte dette huset hadde eg endelig eit rom som egna seg :-D

Og her er det 4. bildet:

Det er førbildet av den flotte kommoden eg fekk - har enno ikkje komme over denne generøsiteten, igjen ein STOR takk til kjære M!!!
Men klarar jo ikkje da la vere å vise bilde av korleis den vart etter nokre strøk med maling også:

Eit fantastisk møbel som eg ELSKAR!
Har jo vist denne før, men noko SÅ flott kan alltids gjentas!

Fortsatt god søndag!
:o)

lørdag 10. oktober 2009

Bloggtreff - rapport :D

Da har eg for ein gong skyld bestemt meg for å bryte eit prinsipp og skrive om anna enn interiør...: Bloggtreffet på Lillestrøm! Det MÅ jo berre dokumenterast!!! Hi hi ikkje at eg trur det vil mangle på rapportar sidan ca 45 bloggdamer var samla på ein plass, men jo; dette fantastiske fenomenet må også eg skrive nokre ord om :

Først må ein jo rette ein STOR takk til Malivas Verden som fikk til denne fantastiske kvelden! Du gjorde ein kjempejobb! Trur samtlige som var der kosa seg stort!

God mat vart servert og praten gjekk livlig (treng vel ikkje nemne kva temaet var ;-D):
Nokre av bloggane som var representert (vi hadde med eigne navnelappar):
Var mange fleire enn meg som sprang rundt med kamera :-) :
Og så MÅ eg jo fortelle om snille Harmoni og Nostalgi - Den Hvite Rose som hadde tatt med eit fat som hadde samme mønster som servicet eg samlar på! Det viste seg å ikkje vere heilt det same, men ho insisterte på at eg skulle ta det med heim... og når eg ville betale for det var det ikkje snakk om at eg fekk lov! Eg er heilt overvelda over slik generøsitet! Eg kan ikkje få takka deg nok, men skal nok finne ein aldri så liten måte å vise min takknemlighet på ;-)

Her er herligheten:
Det er ikkje langt unna, men har litt enklare kant enn det eg samla på, og så er dette fra norske PP, mitt er tysk.

Men tilbake til sjølve treffet:
Bitte litt shopping vart det også for vi var jo som kjent innom den flotte butikken Zanz, som var så hyggelige å gje oss 20% på alt denne kvelden. Tusen takk!

Kjempesøte damer bak disken som ga ypperlig service:
Praten fortsatte sjølvsagt også her.
Det eg skulle ha var desverre utsolgt men eg bestilte og får det seinare, innlegg om dette kjem når eg har fått vidunderet i hus ;-)

Vel; da gjenstår berre atter ein gong å takke alle for ein fantastisk kveld... no er det på tide å komme seg i seng! :o)

tirsdag 6. oktober 2009

Skjærebrett...

...er endelig på plass :DHar lenge vert på jakt etter eit slikt og var faktisk IKKJE klar over at House Doctor hadde før eg las om det her i ein blogg - mange gode tips å få med andre ord ;-). Men det hjalp lite da ingen butikkar hadde.... før eg igjen tok turen til Årdal og 'Drømmerommet'! :-D
Dei hadde berre eit, men det var jo nok til meg da :-D
*Lykkelig*

Ein anna ting eg lenge har sikla etter er runde puter:
Denne er fra same butikk, og av merket Jeanne d'ark living.
(Og trur du det er snø du ser der ute...... ja så har du heilt rett! *urk*! Ser ut til at vinteren kom tidleg i år :-( )
Til slutt må eg sende ein stor takk til snille mamma'n som betalte for denne shopperunden ;-)

søndag 20. september 2009

Nye gardiner...

...på badet :-D


Monogram også her ;-) Hi hi og også denne gang uten nokon som helst betydning for meg... kunne dei ikkje laga med forskjellige monogram da? ;-) Eller er det berre meg som er pirk? ... he he det er jo ikkje umulig ;-)

Og ny bombe; desse er også fra 'Drømmerommet' ;-)
Og for dei som ikkje har fått det med seg: Drømmerommet er ein butikk i Årdal i sogn... og nei desverre ingen nettbutikk :-(

:o)

søndag 13. september 2009

Kjøkkenservice :-D

Er det ikkje vanskelig å finne fint kjøkkenservice? Eg leita leeeenge før eg kom over dette.

Eg har lenge hatt nokre få delar (kjøpt hjå Mirabell), men endelig har eg også fått tak i middagstallerknar:Likar så godt den lille pynten på kanten.

Til dagleg er dei å finne i stativet på benken:
Her gjer dei seg godt sammen med resten av mine kvite tallerknar.

Vil me det samme bruke anledninga til å takke for alle hyggelige kommentarar på bloggen min. Dei varmar utruleg masse! Takk alle sammen!
:o)