lørdag 28. november 2009

Endelig!!!...

...er trappegangen ferdig malt!

Det manglar nokre lister her og der, men OI for ein forskjell!!!!
Har jo lova ein sniktitt sjølv om det ikkje er ferdig:
Grøss og gru! Slik var det altså før:
Vurderte sterkt å droppe 'før' bilde... men da ser de jo ikkje den store endringen ;-)
Også her har eg valgt kontaktar og bryterar fra Renova, svarte her i motsetning til dei kvite eg har benytta andre plassar:
Støvlane passar også perfekt i nye gangen ;-)
Nye nydelige lampettar fra bloomingville: Er veldig fornyd og synest det vart flott.... men må nok venne meg litt til alt det svarte trur eg. Grått gelender og lampettar i klart glass hadde nok vert finare.... vi får sjå ;-)

Litt meir detaljbilder av interiøret kjem når eg er ferdig med å liste... ein eller anna gong ;-)
Da gjenstår å ønske alle ein super lørdag!
:o)

søndag 22. november 2009

Tallerkenhylle

Denne betalte eg vel 10 kr for på loppis i fjor ein gong... hadde i grunnen tenkt den skulle romme bøker på kontoret (men det blir jo aaaaldri ferdig ;-D).
Eit par strøk med maling og litt pussing så var den klar:Var litt trangare på lista enn eg hadde rekna med, så fatet eg hadde gleda meg til å få vist fram på permanent basis vart det ikkje plass til! Fatet er liksom for djupt, og får dermed ikkje feste på den smale hylla :-(
Vel.... hi hi Det er jo i grunnen ein veldig god grunn til å stikke på Shopping! Fata som står der no vart litt kjedelige.... skulle jo hatt litt mønster, er de ikkje enige? :D

Har i grunnen meint at tallerkenhyller hører heime på eit kjøkkenet, men her må eg altså snu ;-) Synes det vart fint i (spise)stua også eg :D Det er jo sååå koselig å vise fram alt det skjønne ein vanlegvis gjømmer bort i skuffer og skap.
Vart jo plass til litt på den lille hylla under også:
Desse har eg hatt i '100 år':
Elskar dei!
Bytta med det same ut det som var på annretningsbordet:
Den skjønne madonnaen fekk komme litt meir fram, sammen med salmebok, bibel og rosenkrans.

Snart er eg også ENDELIG ferdig med å male trappegangen!
Enno 2-3 veker til listene kjem, men skal vise ein liten sniktitt når alle detaljane er ferdigmalt :D

Ønsker alle ein strålande søndag!
:o)