Det har lenge vert ein alt for tom vegg her, men no er den endelig passelig møblert.
Skapet er forøvrig brukt så eg er usikker på kven som har produsert det i sin tid.
Det vart litt tomt under, så eg henta tilbake dei to spisestuestolane som har vert på utlån til kjøkkenet... noko som betyr at eg må på jakt etter nye stolar der ;-) Så da blir det vel å henvende seg til vår gode venn Finn... igjen ;D (Gledar meg! ;D)
Skapet rommar ikkje mykje så det var -heldigvis- ikkje vanskelig å finne ting å fylle det med.
Må innrømme at det der med styling er noko eg sliter fryktelig med, har vurdert å benytte den sleipe metoden "utfordring" for å få hjelp til å pynte vinduspostane mine... kva i alle dagar skal ein putte i dei når det står ein varmeovn under som tørkar ut planter på 1-2-3? Det blir liksom så sterilt uten planter.... Jo men no sporar eg av her, var jo skapet i dag :D
Slik ser det altså ut i stua om dagen:
Neste gong skal eg vise kva eg har gjort med den andre tomme veggen min :D
:o)




.jpg)





