søndag 28. februar 2010

Mini- Kjerubens soverom

Så var det endelig ferdig malt!


Her har det gått med nokre liter maling!!!!
Ikkje vart det slik eg planla heller... men når blir det vel det ;-)

Lysekrone må til (IKEA)

Gardinene eg bestilte såg absolutt ikkje slik ut som eg hadde trudd, og dermed sitter MiniKjeruben igjen med med 4 duskar til gardiner .... hi hi men det pyntar da opp :D

Gammelt kjøkkenbord gjer nytte som skrivebord.

Englevinger til englebarnet ;-)  

Den lite pene gamle ventilen er skjult bak ei nydelig frise fra Zanz

No gjenstår å flytte inn alle små personlige ting. Ønsker meg (ja meg.... ærlighet varar lengst ;-D) koffertar til å legge på kommoden, dei kan romme dukker og andre småting. Og så skal vi kjøpe ny seng: IKEA's Hemnes - den kvite. Den er så praktisk med masse oppbevaring under, og gjesteseng for hånden når det skulle vere :D

Himmel over senga pyntar opp (IKEA)

Om det er bloggifisert?.... *kremt*... Bilda er tatt før MiniKjeruben har fått inn sine veldig rosa ting, det er sant ;-) Men det er MiniKjerubens rom, så det er ho som har siste ordet.... og da blir det Hello Kitty og skarp rosa som tar over :D

:o)

mandag 15. februar 2010

Å hente inspirasjon

Har akkurat hatt ein herlig jentetur til Edinburgh... shoppa MASSE... men ikkje interiør. Det betyr ikkje at eg ikkje har kofferten full av inspirasjon på vegen heim da! :D

Eg er jo så heldig å bu i ein murbygning... men den er i dag berre ein grå kjedelig 50-tals-kloss, men den trenger jo ikkje å forbli slik ;-) Ser stadig på flotte fasader for å hente inspirasjon til korleis eg kan oppdatere den heller kjedelige fasaden min.

Denne flotte bygningen budde vi i:


Smijern er heilt klart stikkord eg tar med heim i kofferten! Gelenderet på lufteverandaen skal få smijern... og trur eg skal satse på smijern i kombinasjon med mur rundt tomta også.... *drømme*

Det var høøøøøgt under taket og vinduet må ha vert minst 2 meter :D
(Akkuart det har eg ikkje plass til hjå meg da ;-D *fnis*)


Trappa var pynta med store urneliknande ornament:


Herlig stukkatur (som eg i alle fall skal ha.... ein gong... ;-D):


*Drømme*.... Min stukk blir i ein bitte-litt mindre skala da ;-) hi hi

Det som fasinerar meg mest er kjellaretasjen; den har ofte ei 'grøft' forran bygningen, dette gir full størrelse på vindua og ein heilt herlig liten 'hage' :D

Koselig ja?!
Og dette er midt i sentrum! Her kunne eg heilt klart budd.... når eg ikkje har ungar heime lenger ;-)

Til slutt eit lite bilde fra fasaden inn mot den indre hagen på 'Holyrood palace' - den britiske kongefamiliens bolig i Edinburgh (desverre ikkje lov å forografere inne.... og det var vakter over alt!)


Hi hi , dette er i alle fall langt over det eg kan oppnå på min kjedelige grå 50-tals-kloss ;-)
Men drømmen lever ..... ;-)

Dette var små smakebitar av all inspirasjon eg hadde med i kofferten heim, håpar du har kosa deg.

:o)

mandag 8. februar 2010

Ny pakke...

... og denne fra ein av mine favorittbloggar Stines Blogg!

Eg var så heldig å vere hennar besøkande nr 100.000 :D Gratulerer så masse igjen til Stine, det er absolutt velfortjent!!
Og så omteksom den gaven var!


Hør berre her: Nydelig duftpute med ein stor "L", To kvite broderte monogramsett med mine initialar, og eit koselig bilde. Alt nydelig innpakka i eit gammelt noteark.... hi hi men var litt utålmodig så bilde av pakken har eg ikkje ;-)
Bildet har fått plass i ein gammel bibel:


Duftputa har fått plass i skapet i stua.... der er det ei innestengt lukt så den vil ikkje berre vere til pynt, men også nytte :D


Monogramsetta veit eg ikkje kvar eg skal ha, men på denne gamle puta var dei jo perfekt!

Også innpakningen har eg tatt vare på, den er fin til pynt fram til eg brukar det... kanskje på eit kort?:

Tusen tusen takk Stine for slik ei nyyydelig gave!
Pakken kom før helga, men eg måtte forte meg til Gardermoen så eg skulle rekke flyet til Edinburg, så innlegget måtte vente ;-)
.... Og nei, eg shoppa ikkje interiør! *Sjokkbølger* ;-)
Var ikkje innom ein einaste interiør/antikk-butikk :-O

Ønsker alle ei flott veke!
Her skal det forhåpentligvis malast litt igjen.... *sukk* dette tar jammen lang tid....
Bilder kjem... ;-)
:o)

mandag 1. februar 2010

Klaffebord!

Har lenge sett etter eit slikt bord for å ha ved sida av sofaen...


...litt større enn planlagt er det, men fyller jo godt tomrommet mellom sofaen og spisebordet.




Herlig slitt:


Men... om eg kuttar av litt av beina blir det eit perfekt salongbord!.... Men tør eg? Tenk om eg angrar og heller vil ha det med lange bein igjen.... da er det jo for seint!!! *valgets kval*
*sukk* Får vel berre jakte på enno eit bord da? ;-)

Kva meinar de?
Salongbord?...... eller la det stå der det står?

:o)

onsdag 27. januar 2010

Pakke i posten!

Snille mamma har sendt meg teppe av oldemorruter!


Prøvde å starte på eit slikt sjølv for eit par år sida... *kremt*... aldri er det blitt ferdig... og eg har faktisk glømt korleis ein heklar under vegs ;-) Men kanskje like greit for no likar eg ikkje fargane eg valgte lenger heller ;-) *fnis*

Men dette er jo rålekkert:

Såååå herlig grågrønn farge!
Lekkert var det også med ein liten fargeklatt i stolen på biblioteket, bøkene tilfører jo farge i overflod, men interøret ellers er holdt i kvitt..... ja akkurat som det var nokon overraskelse ;-)

På bordet ser de lysestake fra JDL som eg fekk til jul - nyyyydelig!

Herlig slitt patina.

Med gave fra JDL kan ein jo nesten ikkje ta feil ;-) Kjem jo såååå mykje lekkert fra den kanten!

Til slutt ein stor takk til Bergfrua for award!
Tusen takk, den varmar!

:o)

fredag 22. januar 2010

NIB-utfordring: Bad!

Badet mitt er relativt nyrestaurert og eg er VELDIG stolt av det ;D Så når NIB utfordrar viser eg det gjerne fram.... :

Diagonalt sjakkmønster på golv, 15*15 kvite fliser på veggen ca 2m opp, malt mur øverst.





Er så glad i denne hylla...



... der korga fylt med nostalgiske artikler står:


Det er ikkje stort, så fotografering er ei utfordring ;-)

Benken rundt vasken har mosaikkfliser, det samme har ytterkanten på skilleveggen mellom vask og dusj - forheng i staden for dører i dusjen:
Nostalgisk blandebatteri i dusjen - men dette er lett å stille inn: ein knott til varmen, og ein til vannstrøm :D
Ikkje akkurat ein 'Vipp'... men den duger da:


På andre sida av veggen er altså vasken, også her forheng i staden for dører:

Og slik som eg leita etter denne vasken.... og så fann eg den på IKEA!!!!:

Elskar desse blandebatteria og har planar om å ha slike på samtlige vaskar i huset:

Hylle over speigelen med korger - Bildet er tatt før lyset kom opp... men *kremt* lista som skal skjule den lite pene spottlampa er ikkje på plass.... enno ;-)


Som i resten av huset blir alle kontaktar som blir skifta erstatta med nostalgiske runde.... slik det opprinnelig var:


Herlig såpeskål og glass.... og nostalgisk tannkrem ;-)
Også her har eg "lysekrone" :

NB. Sjekk med elektriker før du monterar. "Min" elektriker fortalte at fordi eg har litt ekstra takhøgde trengte eg ikkje våtromsgodkjent lampe :D

Vel, det var mitt lille bad, håpar du har kosa deg ;-)

:o)

mandag 18. januar 2010

Fuglebur!!!

Da har også eg fått fuglebur i hus.... hi hi, eg sto i mot ganske så lenge synest eg ;-)

Men da Maliva viste fram dette fra H&C forelska eg meg fulstendig:



Da eg nemte for Maliva at eg skulle dit lørdag for å kjøpe, fortalte ho at det berre var eit igjen.... og var så snill å sette det av til meg! Snakk om service!!
Er det ikkje flott?



Og med min skjønne madonna:


Når lyset er tent glødar ho!

Mmmmm.... vakkert :D
Ønsker alle ei strålande veke!
:o)