fredag 15. januar 2010

Peishylle...

... med litt nytt innhold :D




Den skjønne engelen fra JDL var eg så heldig å få til jul, kubbelysholdaren er også ny :D





Den åpne peisen varmar jo ikkje akkurat huset, så ved sida er det installert ein vedovn.... drømmer om krone på toppen av den, da blir den perfekt! :D


Og så har eg fått ein award! Tusen takk snille Villa Kaos for denne påskjønning og så flotte ord!
Ta ein titt innom til denne koselege dama, vel verdt eit besøk!

Med awarden var det også nokre 'reglar', blant anna:
* Fortell 7 interessante fakta om deg selv.

Om det er av interesse gjenstår å sjå, men vi prøver ;-)
1. Eg likar ikkje vinter... fordi eg har så lett for å fryse, og kva eg tenkte når eg kjøpte murhus spør du? Jo du ser det.... eg er så grunn at eg går etter utseende før funksjonalitet ;-) Må berre budsjettere med meir peng til strøm/fyring ;-)
2. ...som bringer meg til: eiger ikkje ski! Ikkje bortover, og heller ikkje nedover :D Og er STOLT av det! :D *fnis*
3. Planlegger! Kva eg planlegger? Tja... det blir vel... alt! ;-)
4. Elskar å reise! Og da er det viktig å få med seg litt historie og kultur. Håpar at når eg er 90 - for jo da; eg har nemlig planlagt å bli ganske gammel... og da blir det slik! :D - skal eg ha besøkt alle land i Europa :D
5. Som igjen bringer meg til bestemt! *fnis* Eg har ei veldig bestemt meining om kvar det der berømte skapet skal stå... nemlig! :D
6. Blir lett stressa :-( ... noko eg jobbar med å forbedre :D
7. ... men har heldig vis evna til å sjå positivt på det aller meste :D

Skulle også sende den vidare til 7 andre, men det er så mange som ikkje ønsker slike henvendelsar så da lar eg den stoppe her... gir heller utfordringa vidare til den som ønsker det av mine leserar.


Ønsker alle ei flott - og sjølv om temperaturen no har stege dei fleste stader - ei enno varmare helg!

:o)

lørdag 9. januar 2010

Fuglebad!



Dette har eg titta på ei stund.... er stor fan av døde ting til bruk i uterommet... har nemlig forlagt mine grønne fingre ein eller anna plass for evighetar sida ;-)


Heldigvis er det mykje anna flott ein kan pynte med ute også :D



Hørte om ein som hadde steinlagt heile tomta si.... kanskje noko å vurdere? Litt dyrt kanskje, men lettstelt og fint. Det skal i alle fall eg vurdere når eg skal byrje på tomta.... når eg er ferdig inne meinar eg.... ja om sånn ca 8-10 år... hi hi så ikkje hold pusten i påvente av bilder! ;-)
Ønsker alle ein fantastisk lørdag!

:o)

tirsdag 5. januar 2010

Nytt år...

... nye oppussingsplaner :D

Først har eg ei liste over ting som skal gjerast ferdig... Av ein eller anna grunn står det alltid igjen noko når eg pussar opp... nokon som kjenner seg igjen der ute?

Hm, ja tenkte eg det ikkje, der var det mange som krympa selg litt ja ;-)

Lista mi er i alle fall blitt ganske lang etter kvart:
* Male dørkarmen til ytterdøra - nye lister har ført til at gammel bonderød maling er synlig!
* Få satt inn vask på toalett2 - temmelig upraktisk med vask i naborommet!
* Skru opp lamper og ovn på toalett2 - også upraktisk!
(Og om nokon no prøver seg på å påstå at eg ikkje har eit ordentlig toalett, heller eit mørkt, kaldt kott med klosettskål... ja så er dei temmelig nerma sannheten ;D)
* Male døra på toalett1 (den er furu!!! *grøss*)
* Male karmen på den nye (gamle... og veldig fiiiine) gangdøra.
* Få opp hyller i gangen... nokon som veit ein plass eg kan få tak i fine hylleknektar -sinkfarget ?!?
* ...
... lista er neste ueeeendelig.

Men litt er da gjort:

Vart aldri heilt venn med det svarte gelenderet i trappegangen, så eg mala det grått som resten av trappa, og no er vi bestevenner ;-)

Med lyst gelender vart lampettane dog litt framtredande, men var så heldig å få stor herlig lysestake til jul som passa perfekt!


Det einaste som er dumt er at eg berre ser herligheten når eg passerar... burde kanskje vurdere å lage koseplass i trappa så eg kan sitte der og nyyyyte? ;-)



Ellers har eg i 2010 planar om å:
* Pusse opp eit soverom - der er det heldigvis berre maling som skal til..... og det beste av alt: Innredning!!!! :D
* Pusse opp toalett1 - det skal renoverast og alt skal ut. Phu!
* Pusse opp ein gang - her skal eg starte 'enkelt' med maling så få renovering komme med tida.
Blir altså ikkje kjedelig (les arbeidsledig) i år heller ;-)

Kva med dykk? Har de mange interiørplanar for det nye året? Eller er de av dei heldige som har ein bolig som er slik de ønsker? .... eller er det i grunnen mulig å komme heilt i mål?

Avsluttar i alle fall med å ønske alle eit riktig god nytt interiørår!
:o)

lørdag 5. desember 2009

Soffaen har fått...

... ny julekjole!
Etter nokre år med heilt kvit jul slapp rødfargen så vidt tilbake i fjor med ein einaste liten rød arveduk... Men i år!!! I år skulle rødt inn igjen :-D
Arveduken er ganske smal, og har no fått plass på spisebordet som løpar, du skimtar den bakerst i bildet.
Men sofaen har altså fått nytt herlig rødt trekk. Har heldigvis litt kvite puter som er med på dempe alt det røde....
...for eg ser jo at det vart litt 'over the top' ;-)
Hi hi ... men sjølv om dette ikkje er heilt i samsvar med stilen eg prøver å oppnå ellers i året synest eg det vart kjempekoselig!
Ingen skal i alle fall vere i tvil om at her er det JUL <3
Planen var å satse på kvitt -synest det er så rolig - men med litt enkle røde ting innimellom :-D
Da ville det blitt litt slik som her forran peisen:
I år har eg også endelig somla meg til å lage ein girlander:
Lat som eg er for eg ut for å kjøpe ein falsk girlander eg kunne plukke fram år etter år... men den såg litt... ja akkurat; falsk ut!
Så da var det å sette seg ned og tvinne sammen sjølv da ;-) Men det både ser bra ut og luktar fantastisk jul!
Her i huset er altså julestemninga så absolutt på plass!!!! Ååååå eg elskar elskar elskar jul!
Ønsker alle ei fortsatt fantastisk strålande førjulstid!
:o)

torsdag 3. desember 2009

Endelig i hus!!!!

Roberts radio!!! :D

Mmmmm, så herlig følelse å krysse av ein av tinga på ønskelista!!! :D
Og den passa perfekt på den tiltenkte plassen:


Den går også på batteri, og kan takast med kor som helst. Her har eg dog kun flytta den ein liten meter over på kjøkkenbordet ;-)

Hi hi Ok så er det litt bloggifisert da ;-)

Sånn ein herlig blåfarge!!!!
Ååååå den er så skjønn... og eg kjenner meg aldri så lite forelska :D *knis*


Ønsker alle ein herlig torsdag, EG skal i alle fall bruke ettermiddagen på kjøkkenet med min nye Roberts ;-)

:o)

lørdag 28. november 2009

Endelig!!!...

...er trappegangen ferdig malt!

Det manglar nokre lister her og der, men OI for ein forskjell!!!!
Har jo lova ein sniktitt sjølv om det ikkje er ferdig:
Grøss og gru! Slik var det altså før:
Vurderte sterkt å droppe 'før' bilde... men da ser de jo ikkje den store endringen ;-)
Også her har eg valgt kontaktar og bryterar fra Renova, svarte her i motsetning til dei kvite eg har benytta andre plassar:
Støvlane passar også perfekt i nye gangen ;-)
Nye nydelige lampettar fra bloomingville: Er veldig fornyd og synest det vart flott.... men må nok venne meg litt til alt det svarte trur eg. Grått gelender og lampettar i klart glass hadde nok vert finare.... vi får sjå ;-)

Litt meir detaljbilder av interiøret kjem når eg er ferdig med å liste... ein eller anna gong ;-)
Da gjenstår å ønske alle ein super lørdag!
:o)

søndag 22. november 2009

Tallerkenhylle

Denne betalte eg vel 10 kr for på loppis i fjor ein gong... hadde i grunnen tenkt den skulle romme bøker på kontoret (men det blir jo aaaaldri ferdig ;-D).
Eit par strøk med maling og litt pussing så var den klar:Var litt trangare på lista enn eg hadde rekna med, så fatet eg hadde gleda meg til å få vist fram på permanent basis vart det ikkje plass til! Fatet er liksom for djupt, og får dermed ikkje feste på den smale hylla :-(
Vel.... hi hi Det er jo i grunnen ein veldig god grunn til å stikke på Shopping! Fata som står der no vart litt kjedelige.... skulle jo hatt litt mønster, er de ikkje enige? :D

Har i grunnen meint at tallerkenhyller hører heime på eit kjøkkenet, men her må eg altså snu ;-) Synes det vart fint i (spise)stua også eg :D Det er jo sååå koselig å vise fram alt det skjønne ein vanlegvis gjømmer bort i skuffer og skap.
Vart jo plass til litt på den lille hylla under også:
Desse har eg hatt i '100 år':
Elskar dei!
Bytta med det same ut det som var på annretningsbordet:
Den skjønne madonnaen fekk komme litt meir fram, sammen med salmebok, bibel og rosenkrans.

Snart er eg også ENDELIG ferdig med å male trappegangen!
Enno 2-3 veker til listene kjem, men skal vise ein liten sniktitt når alle detaljane er ferdigmalt :D

Ønsker alle ein strålande søndag!
:o)